Musikken over bylgjene

Båten ved elva.
Tida har vore knapp.
Truleg kom roaren hit og
lydde etter tonen frå andre sida
før han steig over ripa til morgongryet
i det grøne landskapet. Han for i
hast. Tauet leitar etter feste
og spora står i sanden.

Skorne på stranda.
Mennesket har sine stunder
viktige sekundar på jord, då det
set bort sitt tileigna gods. Slik kom
roaren til møtes med grensa. Då tiljene
skura mot steinane, visste han tydeleg:
Livet er meir enn maten og kroppen
meir enn kleda. Livsmålet kan
ingen bøte noko på.

Den synlege rørsla over sanden.
Eg legge handa mot avtrykket etter
foten og kjenner ein skjelv av levd liv.
Så nært og langt borte, før bylgjene vaskar
bort lette spor. Men eg lever i dag og plantar
frø i hjarta til eit medmennske. Eg held
handa til den gråtande der sorga har
lagt sin nattekulde i senga.

Den trøytte ryggen i skumringa.
Eg kjenner at livet har sine tunge timar
når motløysa samlar steinar i ryggsekken
og seier: - Gå inn i einsemda og ro din vesle båt
over fjorden der det ikkje finst lykter i leia. Men
brått merkar eg songen i trea. Veit om liljene
på marka. Høyrer musikken over bylgjene
der solene leikar med kvarandre.



Olav Mosdøl

Til minne om åndsfrenden og
komponisten Eilert Magnus Hægeland
som døydde knapt 52 år gammal.